Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2015

Unnskyld at eg vekte deg, mamma

Novemberdikt Unnskyld at eg vekte deg, mamma Unnskyld at eg vekte deg, mamma , sa veslegut , la armen kring halsen min og pusta sakte, han viste meg inn i draumens palass, eller var det ned i jordas djupe søkk, jau , me dro nedover, den natta, dit inga sanning finns, me dro dit stjerna lyser fra botnen av vatnet, og fiskane sym på himmelen, men han kom så varsomt, vesleguten, den natta, mens eg lå stille, i mitt eige djup, og ikkje venta, unnskyld , sa han, veslegut, at eg vekte deg, mamma, sa han, og var varm av dyna, men fraus likevel, i vinternatta, på bare føter og i boxershorts, unnskyld , sa han, og tok meg med inn i draumen sin, og lydsporet var Nick Cave, ja, du veit korleis det er, nokre gonger syng dei framleis, dei syng framleis, du berre lyttar, der i natta, into my arms , song Nick Cave, into my arms, oh Lord , song han, men eg veit ikkje om han meinte det eg trur han meinte, eg berre lytta, å, min Gud, eg berre lytta